Translate

mandag 22. april 2024

Gammal nok?

Gammal nok til å lære noko nytt, eller rett og slett for gammal? Men det treng slett ikkje vere for seint om ein bare ikkje lukkar av og seier ein har lært det ein skal læra.

Å ta ting oppatt, omigjen og omigjen er vel godt kjent som eit teikn på "alder og verdighet". Ettersom tid for avreise mot Cda Coltura nærmar seg, er det tida for verrapport. Og det har eg jo gjort ein del gonger før. Handlar kanksje om å gni det inn for dei som ikkje heilt tek innover seg kor godt det er i Puglia i mai og juni.

Me skal sleppe i bli våte når me på arbeidernes dag, 1.mai,  svingar inn på tomta vår. Tippar kanskje over til 2.mai og. Frå Garda der me vil vera turistar ein dag, er det ein del kilometer vidare til Latiano, heile 956 fortel Google Maps. Eg reknar med det kan bli ein og annan kommentar på kor lenge reisa har vart før me er framme. Hugsar ein gong eg og Hadi kjørte sørover og første kommentar frå Hadi då me kom fram var: 
Hadde ikkje du mått pissa heile tida, så hadde me vore framme for lenge sidan. 
Kanskje nokon seier når me kjem til målet denne gongen:  
Hadde ikkje du bytta til straumbil, så hadde me vore framme for lenge sidan kan fort konklusjonen bli.
Eg er ikkje akkurat ein bonde frå botn av mitt hjarte. Rettnok ein god del bondeblod i årene, men ansvar for jorda har aldri vore langt framme i mine tankar. Gjer likevel godt å sjå at jorda vår under oliventrea vert horva. Det skal til, både for å kontrollere grasveksten og sikkert og for å lufte litt i øvste jordlaget. Ikkje minst hindre tørt gras som om litt tid vil utgjere stor brannfare. Ein kan bli ganske heftig bøtelagt om ein let tørt gras bare stå.
Når det gjeld "plenen" er det mest for synsskuld det blir gjort arbeid. Sjølv tenkte eg å hente heim Hondaen eller havens Rolls Royce som Bøje sa, men då Giulio baud seg til å ta graset med decespugliatore, då vart det rett og slett for fristande for meg. Pascalone har lova hjelp med transport av Hondaen, men den hjelpa får eg sikkert bruk for seinare og.

Glattslikka  vart det, og meir enn det treng det ikkje vera. 
Min eigen decespugliatore har ikkje vore i drift i seinare år. Får hugse på denne gongen å ta den med på verkstad, for å få på ny bensinslange som fører drivstoffet til motoren, og ikkje bare ut av tanken. Verkstad for slikt finn eg i San Michele, bare nokre kilometer borte frå vår plass på Cda Coltura.





søndag 31. mars 2024

Firhjularar med el-drift

 

Litt erfaring med kjøretøy på 4 hjul og framdrift med straum har eg no. Det som er ein absolutt fordel med denne,  er evnen til å klare seg sjølv. Stoppar for hindringar og finn heilt sjølv vegen til lading. 

Kan nok ikkje rekne med at det skal gå like rolig for seg med bil, men eg har nå tru på at med lit tolmod skal det gå.  Fins mange hjelpemiddel å lene seg på. Appar i utal som dekker dei områda me skal kjøra gjennom. 

Dei appane som bare dekker Norge har eg for å gjera det enkelt samla i ei eiga gruppe.
Er vel Puglia som kan bli som ein akilleshæl, men er har nå trua her og på at det skal gå greitt. Kartet syner ganske så mange ladepunkt. Ikkje lenger vekk enn det me tidlegare har måtta kjøre for å fylle drivstoff.

Kvart tal i den blå sirkelen representere kor mange ladestasjonar ein finn i nærområdet. Det bør halde til vårt bruk.
For mange år sidan, heile 11, kjøpte eg ein jordfresar. Hadde nok meir planar om jordbruk enn det som var realistisk. Fresaren tok ikkje så djupt, men nok til å mjukne ei knallhard soltørka jordskorpe. Hondaen har fungert heilt upåklagelig i 11 år. Etterkvart fekk eg tak i eit klippeaggregat til fresaren og slik vart bruksområdet utvida. Så fekk me nye venner i Ceglie. Dei ville dyrka kartofler i tillegg til alt av blomar hagen deira kunne by på. Ein heilt makalaus hage med alt som fins av blomar som tåler både turk og sol. Eg spurte Bøje om han ville bytte ut spade for å vende jorda med fresaren. Om eg kunne få "låne" den tilbake eit par gonger i året, så kunne fresaren få langtidsparkering oppe i Ceglie.  Ikkje så vanskelig når eg kunne kjøre askinen inn i anten det var Roomsteren eller Kodiaqen. Ein lem opp bak på bilen, så drog maskinen seg opp og inn heilt for eigen maskinen.  Så kom eg plutselig på at den vesle finslege maskinen nok ikkje får lov å kome inn i nybilen. 
Rett nok vart det plass for det heile i 2013 då Hondaen vart kjøpt. Men det som hjalp då var at den var demontert og pakka inn i passelig store øskjer.  Ikkje meir enn det som gjekk inn i ein Fiat 500.

Graset på vår del av Cda Coltura må klippas, både i mai og i september. For å få det til har eg spurt han som steikte dei beste biffane på Taverna di Pascalone. Ikkje vanskelig å spørje folk som han.  Det skal me ordne svarte han på mi bønn om hjelp. Så då blir det råd med både kartoffeldyrking i Ceglie og grasklipp i Latiano.

lørdag 2. mars 2024

Det naermar seg

Det er viktig aa ha god oversikt over kor mange dagar det er att til oppstart. I dette tilfellet gjeld oppstarten neste ekspedisjon sørover med Cda Coltura som mål. Burde vel hatt ein teljar som vert oppdatert i sanntid, men det er over min kompetanse. Pr. 2.mars 09:18 er det 
til me set kursen ut frå Helmikhølen.  Det maa vera lov aa seie at me gler oss. Akkurat på dette området kan ingen seie at me gjev oss over til prokrastinering. Lite blir overlatt til tilfeldigheter når det gjeld turen. Ferjebilletten  frå Kristiansand til Hirtshals vart ganske så rimelig. Me har samla poeng på tidlegare reiser, og nå resulterte det  i nærare halv pris av det me elles hadde mått betala.  Ein liten stopp i Flensburg legg me opp til. Godt å vere utkvild før me fer vidare sør gjennom Tyskland. Gasthof van der Linde i Rothenburg ob Tauber er neste stopp.  
Ok stad for ei natt, nydelig middelalderby med  koselige smale gater og bindingsverkhus.
 
Tredje dag på reisa  vår reknar me med å passere grensa til Italia ved Brenner. Då skulle ein tru det var ei smal sak å ta resten av dei 2600 kilometrane i ein stor jafs. Men nei, me har jo endå aldri vore på skikkelig SYDENFERIE. Kanskje eit par dagars opphald ved Gardasjøen kan hjelpe på. Overnatting er booka i Casa Cavour, via Cavour 5, Garda. Får nesten dårlig samvittighet overfor Lorenzo i LOcanda COrsa, men me får gjera det godt att når me reiser heim att i juni. Området rundt Verona er i grunnen ganske passe om me vil kjøre langt frå vår andre heim,  utan å slite oss fullstendig ut.


Der trur eg jammen hatten eg har sakna dukka opp. Skaffa meg ein i Riquewihr for mange mange år sidan, i 2011 var det visst. Den tålte ikkje tilværet i Puglia, det var før me fekk gang på avfuktarane. Det var i den tida veggene måtte gås over med klor for å få vekk muffa, men den tida er tilbakelagt. Me treng ikkje lenger bruke ein dag eller to for å gjere huset bebuelig att etter ein våt vinter. Ei flysse av ein hatt er og tilbakelagt, nå er det tid for nye hattar. 

(Om nokon la merke til delvis bruk av aa, oe og ae i starten, skuldast det at eg ville teste eit rådlaust tastatur kjøpt i Italia og brukt i lag med mobilen. Italienarane kan jo ikkje vite om våre sære vanar, så då løyste eg det på militært vis, a+a=å, o+e=ø og a+e=æ. Men så, medan eg sat og skreiv, framleis i militær modus oppdaga eg at dei norske særteikna låg klar, dei var bare ikkje merka på tastane. Så då gjekk det over til dei bokstavane me reknar som normale.) 


torsdag 8. februar 2024

Meggie til minne


Ein stolpe i vårt italienske liv har knekt. Me har hatt godt vennskap heilt sidan 2012. Utrulig mykje hjelp og omsorg har ho gitt opp gjennom åra. Etter at Taverna di Pascalone vart endelig stengt og Meggie også fann seg ein stad å bu saman med hundane sine, stoppa hjerta hennar i dag, 8.februar 2024.  Ingenting å gjera. 
Siste minnet blir då me i desember, saman med Jan og Linda, besøkte henne i den nye heimen. Ho fann etter mykje leiting eit hus i San Marzano di San Guiseppe som tilfredstilte krava først og fremst for hundane.  Så fekk ho bare nokre månader der før det tok absolutt slutt. Basta kaputt hadde kanskje Netta naboen vår sagt. Ho sa det då eg spurte kven som hadde budd i huset vårt før Julie og Nick kjøpte det. Stefano, basta kaputt sa Netta. Etterlot ingen tvil det. Det blir eit sakn  når vi reiser sørover att og ikkje lenger kan treffe Maria Garielle Blotto.  

 Fred over hennar minne.

torsdag 28. desember 2023

The Rangers del 2

Når noko gammalt blir bytta ut med noko nytt, er det ikkje alltid lett å vite om kvaliteten aukar eller minkar. 

Fekk nettopp her om dagen WhatsApp melding frå The Rangers om at det ikkje var straum på huset vårt der ute på campagnaen. Sidan det var vaktselskapet som melde, burde eg kanskje forstått at det var alarmsystemet som stod utan spenning. Sjekkas måtte det. VigilNova fekk nøklar til ei av dørene då avtalen med selskapet starta i 2014. Etter ei samanslåing med eit anna større selskap undrast eg på om nøklar framleis var tilgjengelige. Viss ikkje har eg to sett nøklar her, men fjernlåsing er ikkje noko alternativ der sør. Kunne reist ned til Roma 9.januar med retur 16.januar for ein pris av 2300, leigebil inkludert, men det ville jo ført til ei god del stress. Vaktselskapet ville ikkje gå inn i huset utan følgje av autorisert person. 

Det var Guido, meglaren me kjøpte huset gjennom. Guido tok med seg barnebarnet Lorenzo og avtala møte med representanten frå vaktsselskapet. Han og The Rangers gjorde avtalar om frammøte ved Villa Felicia, og då eg melde for å høyre korleis framdrifta var, fekk eg til svar: Me står inne i huset og alt er ordna. Nå funkar alarmen. Eg vil tru det er batteriet som ikkje har orka meir og måtte byttas med eit nytt. Så lenge der er straum inn i huset, blir batteriet til alarmen vedlikehaldslada, men ein gong takkar vel batteriet for seg og nytt må til. Eg tur det var slik nå. Det som er sikkert er at kvaliteten til VigilNova er  med inn i det nye større selskapet. Me kan lene oss tilbake og tenkje at tryggleiken ved huset er som før. Det eine innbrotet som har vore inn i sjølve huset, det skjedde faktisk medan me sjølv låg og sov med døra mellom kjøkken og soverrom open og det var i kjøkkenet ladriane tok seg inn.

Søndag 3.des, dagen før me kjørte nordover til Roma var me i lag med Lill Karin og Gaute på restaurant Alfredo i Grottaglie. Framifrå god mat, stappfullt lokale, men likevel rask hjelp frå kelnerane.


Gaute og eg valde same rett, og det gjorde me ikkje dumt i.
Om det var dåp eller noko anna dei feira, veit eg ikkje, men kaka hadde stil den. Mest som karusellen på toppen plutselig starta runddansen sin.
I Fiumicino måtte me ha mat. Anne Marie enda opp med pasta og oksehaleragu, med ein skikkeleg halevirvel som måtte ha ein ekstra omgang på kjøkkenet for å bli varm. Merkelig plass var det. Handskriven meny, der bare eit lite utval var på plass. Men godt var det, også dei 4 tynne bitane med kalvekjøtt i ein vidunderlig saus som eg fekk.
Tiramisu på deling, så då gjalt det å halde tempoet oppe om ein skulle sikre seg sin del.
5.desember svinga flyet inn over kalde gjenkjennelige landskap. Straks heime att.
Frankfurt er visst den lufthavna som ikkje vil vera venn med meg. På veg til Lisboa for nokre år sidan, vart det overnatting i staden for mellomlanding. Ein annan gong frå Roma til Stavanger var det forseinkingar med i alt 17 timar i kø, 5 i Roma og 12 i Frankfurt for å kome vidare. Denne gongen var flygingane til Stavanger kansellert, me vart ombooka via Schiphol. Fram kom me likevel den dagen me skulle vera framme. Ikkje lett med ein centimeter eller to med snø. Får bare vere glade for at tryggleiken blir tatt på alvor.


søndag 10. desember 2023

Det gjelds om å ha gode kontaktar

Byen som ber det flotte namnet San Vito dei Normanni må me nesten innom frå tid til anna. Ingen vakker by akkurat, men den pulserer av vanleg kvardagsliv. Nå er forresten ikkje me vane med appelsintre langs kommunal parkeringsplass heller, men her strutta trea av C-vitamin.
Ein cappucino på fortauskanten er heller ikkje til å forakte. Så kan me få med oss alle dei små gamle mennene ute på torget, dei som gruppevis prøver å løyse alle verdas problem. Ein skulle kanksje tru at desse kortvaksne folka var slik på grunn av genetikk. Truleg er det hard oppvekts med dårlige levevilkår på 40 og 50 talet som er årsak. Ungdommar er i allefall mykje større av vekst dei fleste. 
Sikringskost frå marknaden i Francavilla Fontana. Kjøtfulle stykke av beste kvalitet ser det ut som. Er visst slik at beste fisken blir eksportert frå Norge, og då er det jo moro å importere tilbake. Han syntes det han som selde fisken og då han høyrde det var planar om å ta den med tilbake landet den kom frå i første omgang.

Når ikkje lenger Taverna di Pascalone er eit alternativ, får me satse på Casa di Meggie. I lag med Linda og Jean fann me vegen til huset der ho har funne ly for seg og dei to bikkjene. San Marzano di San Guiseppe heiter byen, gata Via Regina Margherita. Eg trur eg gir gata nytt namn; Via Regina Maria Blotto. 

Dyktig med gjester, dyktig med mat. Smakfull risotto som primi, okse tillaga på eit vis som gjorde den mørare nesten enn smør saman med omnssteikte potetbåtar. I dei rette hender bir sjølv poteter nesten som ein fullverdig sjølvstendig rett.

                                    

Med fulltreffar på det andre, kunne det mest ikkje bli anna enn fulltreffar med signaturdesserten frå Tavernaen, tiramisu.

Kva visste vel eg om malaren frå Latiano. For min del fall det i smak. Om det ville passe Trond Borgen får eg nok aldri svar på, ikkje at eg treng det heller

Meggie hadde laga seg til mest om eit lite galleri med kunst på alle vegger. Helst ulikt det ein finn vanligvis i puglianske heimar.
Belgierana me hadde laga med til Meggie, har bilete av den lativanske kunstnaren dei og. 

Me har litt kunst på veggene me og, signert Anne Marie. Eg hadde ein del bal med vaktselskapet denne gongen. 
har vore til hjelp mang ein gong når utangar har vore på ferde og hatt ønskje om å ta seg inn i Villa Felizia.
Det eg ikkje hadde fått med meg var at selskapet har gått i kompaniskap med eit anna større selskap, The Rangers, og så blank som eg er i italiensk så trur eg nok at eg på eitt eller anna vis har fått informasjon, men det har gått meg hus forbi. 
Ho eg bur i lag med, meiner på at eg tidevis kan stresse i meste laget. Det nærma seg tid for retur til julestrid på Vigrest. Fekk liksom ikkje kontakt med verken VigilNova eller The Rangers. Ringde på Whatsapp, sende SMS og melding på Messenger, brukte dei kanalar eg rådde over. Dei som før jamnt patruljerte gata framfor huset vårt, eller skal vi heller sei den ørlite oppgradert kjerrevegen langs campagnaen, dei såg me ikkje noko til i september, oktober eller nå i november og desember. Løysinga på vanskane med å få vaktselskapa i tale, vart å løyse ut alarmen, for så å vente og sjå kven som kom.
Ein skal ikkje dømme hunden på håra heiter det. Ein skal kanskje ikkje dømme vaktselskap på bilen. Før var det Fiat Panda, nå er det Skoda Kamiq. Kanskje det ikkje definerer kvaliteten på dei som skal passe huset for oss når me ikkje er der sjølv. Men me får leve i håpet om at eikvar endring er ei endring i retning av noko endå betre.

fredag 8. desember 2023

Kontrastar

Bølgande grøne bakkar, bare brote av endelause rekkjer av oliventre. Det er sist i november, endå har ingen vinter rokka ved spirande liv her.

Men så brått eine dagen, ei blanding av slaps og hagl helsa på oss. Lenge nok til at ein snømann materaliserte seg på utebordet vårt. Sikkert den første av det slaget som har inntatt plassen der sylting og pizzabaking er meir vanleg å sjå.

Eit vellukka besøk i Puglia inneber nokre timar på La Silvana. Der oppe på Selva di Fasano held maten etter våre mål ypperste klasse. Så er det jo gildt og då å bli ynskt velkommen av verten som Mr Cinquecento. Og det namnet skjemmer vel ingen. Fekk kjøre den legendariske ein gong ved Aldo si hjelp, etter det har eg blitt beæra med namnet.





                                      
I lag med godt folk smakar maten fort godt. Timane går, brått er det kveld. Me tek fatt på heimveg ned den bratte skråninga mot Fasano. 
Flott by på slettene nedfor Selva di Fasano. Månelys kasta utover Adriaterhavet. 
I Egersund fekk me fatt i ein dyktig god "ogen". Større ilegg enn i den som stod i huset, og her kan me få varme både synlig og bare i form av varmestrålar.
For varme treng ein, sjølv i syden, iallefall på denne tida. Me fekk temperatur heilt opp mot +20  og ned til -1.
Då får me gleda oss over rimdekka grasflater såvel som ..........
...............roser som endå ikkje har tatt fatt på nokon kvileperiode. Rosa vaks i Bøje og Lisa sin hage, like utfor Ceglie Messapica.