Translate

søndag 30. september 2012

Korleis finn me fram?

Vegvisar:


Hovudvegen mellom San Vito dei Normanni og Latiano er den vegen der me lettast finn fram.
5 - 6 km sørover frå San Vito i det me nærmar oss ei enorm kraftlinje kjem me til dette punktet av vegen.
Der tek me til høgre inn mot Cda. Coltura. Då er det ikkje lange vegen, vil tru mellom 1 og 2 kilometer. Litt til høgre,  så litt rett fram,så til høgre og til sist til venstre. Eitt eller anna slikt er det.
Me skal inn den vegen der Pandaen står og ventar på å kome ut. Kanskje ein ide å snu Pandaen så du skjønar kva veg du skal ta?

Først til høgre frå SP46 på vegen frå San Vito dei Normanni.
Rett fram  gjennom 2 kryss.
Når du må  til høgre eller venstre tek du  til høgre.
I neste kryss svingar du til venstre og deretter er det beine vegen til du ser Villa Felizia på høgre sida av vegen.


Før du kjem så langt som til San Vito må du reise ved hjelp av fly. Alitalia, KLM, Lufthansa og SAS er vel dei mest aktuelle.Det er mulig å reise til Roma og ta tog eller bil derifrå, men det tek mange tmar ekstra. Frå Norge reiser ein lettast via Amsterdam eller Frankfurt til Milano eller Roma. Vidare til Brindisi som er hovudflyplass for sørlige deler av Puglia. Frå Aeroporto Brindisi Papola Casale   tek det ein litt dryg halvtime å kjøre med bil. 
RyanAir flyg direkte på Brindisi frå London Stanstead, men med rutetiden frå Haugesund blir det trong for overnatting både på veg ut og  veg heim att.

lørdag 29. september 2012

Møblar og utstyr?


Blir vel litt av ein jobb å møblere nå. Godt det ikkje er meir en halv annan time til IKEA i Bari. Dei leiger endåtil ut bilar for heimtransport av møbler. Fins andre store møbelbutikkar nærare San Vito der dei har same tilbod når det gjeld transport. Me får sjå det litt an.
Nå er det faktisk slik at me flyttar inn i eit ferdig møblert og utstyrt hus. Treng ikkje ha med handklede eingong heimefrå. Likevel kriblar det litt i magen. Korleis var det eigentlig med det som var i huset? 

Sengene på gjesterommet var akkurat slike Anne Marie fant på nettet før me fant Villa Giulia som nå ber namnet Villa Felizia. (Mix av lykke og glede) 
Det var baderomma som overtydde aller mest, og sidan dei var så smakfulle tok dei luven frå det meste anna. Mest som me ikkje såg alt det andre, men bileta har talt. Det ER kvalitet over tinga, det er STIL over tinga, me finn nok det meste av det me treng. Endåtil sementreie har me vorte eigarar av. Det kan bli krukker og kar, murar og kanskje med tida vegger rundt eit ekstra soverom. Først får me fylle dei to romma me har. Viser det seg etter kvart at det er trong for det, skal huset vere godkjent for påbygging. Det er høve til 20 % utviding. Vel og merke i volum, ikkje i flatemål. Takhøgda i villaen er nok litt meir enn vanleg heime. Kniper me litt ned på den i eit eventuelt påbygg, får me kanskje litt ekstra golvplass i staden.

Meteorologisk årsoversikt


Stillaste dagen på Jæren bles det ei høne på sjøen. Om høna i tillegg var våt seier soga lite om, men du skal ikkje sjå bort frå det.
Årsstatistikken for Latiano ser ganske godt ut. Eg har lånt opplysningane frå STORM og slik det ut:


Retteleg godt må ein vel ha lovå seie. Skal heller la vere å klage når det stig over  40 på det  heitaste om sommaren. Då får me setje oss ned i skuggen og vente til det går over.

fredag 28. september 2012

HUS I BOKS

Då er alle formalitetar på plass. 
Fullmaktsinnehavar måtte signere så mange gonger at han kunne blitt redd pennen gjekk tom for blekk. 
Overføring av pengar gjekk og til sist som det skulle. Rett nok med ein del ganske så tronge passasjar. Måtte ein tur både til Bryne og Varhaug før det gjekk rette vegen. Kl 10:05 27. sep vart summen valutert på vår konto, og i dag kl 11:38 fekk eg melding frå Livar at pengane var inne på meglar sin konto.
Me hadde reserveløysingar klar, men heldigvis fekk me ikkje bruk for dei. Einaste var det ekstra bryet, stresset, frustrasjonane, irritasjonane,  og dei to turane til henholdsvis Bryne og Varhaug. Nå som det er i orden ser eg lite grunn til å bruke meir krefter enn eg alt har gjort på dette.

Huset vert då teke i bruk neste veke for vår del. Landar i Bari 16:20 onsdag 3. oktober og då ber det strake vegen i Pandaen me leiger til Cda. Coltura Villa Felizia. Nøklar må me nok innom til Guido for å få. Reknar med at me fekk lært oss vegen fram i sommar. Me hadde mange treningsturar.

mandag 24. september 2012

Namn på den herlige staden vår.

Me har visst skaffa oss eit problem. Italienske villaer har ofte namn, mange gonger namn sett av meglar og i samsvar med namn på eigar. Me ville gjerne ha vårt eige namn på staden, men eigne namn som td. Villa Geir eller Villa Anne Marie ville me ikkje ha. Dei ville ikkje høve i Puglia. Kva skal me då velje?

Glede, fryd, lykke, takknemlighet, jubel, velsignelse, eit eller anna i denne retning må det bli. I tillegg bør det vera eit namn som kling fint og på norsk.
Endå ein gong er Google god å ha, denne gongen omsetjarfunksjonen.  
Gioia, gioia, felicità, la gratitudine, la gioia, la benedizione, letizia er framlegga som kom opp.

Du skal ikkje sjå bort frå at ein kombinasjon av lykke og glede kan bli namnet:  felicità + letizia =

Felizià

Kor i vidaste verda er me?


Ja, det er annleis enn heime.
 Her varmare, her er meir sol, her er mindre regn, her er veldig kjekke folk, her er koselege hus, her er endelause flater med oliventre, her er god mat og drikke, men er her betre? 
Ikkje det eg kan sjå, men mykje her er heilt  annleis.
For å lokalisere litt betre kor Villa Felicità ligg, har eg skaffa meg hjelp av Google.
 Utruleg kor dei har vore og kva dei får til.
Me må som de sikkert har fått med dykk heilt sør til hælen av Italia. 
Hamnebyen Brindisi, tidlegare viktig ferjehamn for trafikk mot Hellas 
er administrasjonssenter i området enn så lenge.

Tomta vår er lang og smal. Eigarane dei siste to åra har gjort ein formidabel jobb med oppgradering av huset som her er avbilda frå lufta. Den åtte mål store tomta har og blitt tatt godt vare på. Det er her me tenkjer å bli oljesjeikar i olivenolje.
Det er eit stykke til meir tettbygde strok. 6 -7 km til næraste butikk. Mest som å bu på ein av gardane på Elgane.  Smale vegar langs eigedomsgrensene i eit nett som kunne vere ein edderkopp verdig. Me har pugga vegen så godt me kunne, og trur nok at me nå i haustferien skal klare å finne fram. Navigon frå Garmin kan nok og hjelpe til om det blir nærast håplaust. 
Ser det ut som dette når me kjem fram, då har me reist i ein ekstra dimensjon. Då har me reist bakover i tid eit par år. Då Street View bilen til Google for forbi Cda. Coltura i mars 2010 hadde det  endå ikkje vore nok omveling på eigedommen eller på huset. Huset som på det tidspunktet nok var ganske slitent, har i løpet av eit par år blitt pussa opp fullstendig frå inst til ytst.  Inne er det heilt ferdig, ute kan me nok gjera litt meir.  Skygge/tak over terrassen og farge på gitter framfor dører og vindauge er prioriterte oppgåver. Men det er heldigvis ikkje slik at noko grin mot ein og ropar: 
Kom her er meir arbeid du MÅ gjera.

lørdag 22. september 2012

Vår første kjærlighet?

Dette med dato blir fort feil når ein balar med blogg slik i ettertid.                                                      Innlegget her  vart skrive første utkast til onsdag 18. juli 2012


Jau sjølvsagt måtte dette sjåast med eigne auge.  Monteciminiello, vår første italienske huskjærleik, ferieplanane måtte endras.
Seiser Alm fekk melding om at besøket der ville bli avkorta. Geografisk låg det fint til, ingen omveg i det heile. Ligg faktisk langs den vegen me uansett ville ha kjørt om me skulle sørover heilt til Puglia. 300 kjøremil er vel ikkje noko når ein har ærend. Vårt ærend var å ta Monteciminiello i augesyn.
Utpå dagen laurdag 14. juli kjørte me så og seie rett på Cda Sacramento der Sofie og Livar held hus dei delane av året når dei ikkje et Hillevågssjeva.  Vertsskapet, ja for vertskap vart dei sjølv om me heldt oss sjølv med både seng og bad, slo frampå om at me utpå dagen sundag kunne ta turen ned til Villa Monteciminiello litt sør for Francavilla Fontana.  Me var vel trøytte rekna dei med, men der tok dei feil.
Då tek me det slik eg skreiv i sommar medan dette stod på:

18.07.2012 Det er onsdag kveld. Endå ein dag rik på opplevingar, men frå nå av er det omtrent bare ferie og heimreise. Me har hatt nokre intense dagar sidan me drog frå Silvi. Kom fram til Contrada Sacramento lørdag ettermiddag. Etter kort pause med litt forfriskingar kom spørsmålet: De vil vel vente til i morgon før me dreg til Monteciminiello? Slett ikkje. Einaste grunnen til at me endra planar frå ei veke i Seiser Alm + 2 veker på loffen opp gjennom Tyskland var jo nettopp Monteciminiello. "Me vil sjå det nå, straks", var svaret frå to kjøretrøytte grønlendingar. Over i meir passande kjøredoning for italienske gater og vegar og halvitaliensk sjåfør og etter ein dryg halv time stoppa me framfor staden me hadde tapt våre hjarte til. 

Valentino opna porten og vinka oss inn. Gina kom og raskt til i badekåpa, nydusja i litt av alle dei 60000 litrane med vatn som cisternen kunne ta vare på. Huset var slik me hadde sett frå bileta. I god stand, lite eller ingenting såg ut til å vera nødvendig å gjera før me evt kunne flytte inn. Tomta elles bar preg av folk som jobba med jorda, ingenting å setje fingeren på der heller. Litt rot slikt som samlar seg opp hos mange var der, men inntrykket var overmåte koselege husfolk. Bileta frå nettsida til Rosanna laug ikkje, Heller ikkje Livar sine mange bilete. Einaste var det som ikkje var teke bilete av. På nabotomta veldig tett inntil huset «vårt» var er ein bunkersliknande trullo malt i skrekkgult. Har aldri sett noko likande, fælsleg såg det ut. Bak trulloen var det er ei samling liknande med det miniknoksen har. Gammalt  jernskrot i heller store mengder, alt i same rustbrune farge. Kunne ikkje gå lenge før ein måtte få opp ei eller anna skjerming mot denne tilsynelatande fråflytta eigedommen. Valentino fant ei glasflaske og bad meg med inn i eit lagerrom på baksida av huset der nokre av dei 400 litrane olivenolje var oppbevart. Han fylte flaska til topps og det er det me har att av huskjøpet sør for Francavilla Fontana. Etter visninga kjørte Livar oss inn til   Ceglie der me hadde eit herlig måltid pugliansk mat. Alltid godt. Liten restaurant , Osteria Pugliese nær ved ein open plass der me har vore før og ete pizza, då saman med Reidar og Sissel og Arnt Håvard og Anne Irene.
Litt av eit styr forresten å få parkert vårt første italienske hus. Eg trur ikkje det var mykje meir enn 10 centimeter klaring på begge sider mot portstolpane inn på plassen me skulle få låne medan me var i Ceglie. Riksing fram og tilbake lett på gassfoten og med hjartet i halsen så kom eg meg inn. Eminent direksjon frå eks bussjåfør, bubilsjåfør og bankmann var til umåteleg stor hjelp. Faktisk var det ein fin plass å stå med bilen. Skugge frå store tre gav levelige tilhøve innandørs der me mest ikkje var anna enn når me skulle sova. Ein nokså forfallen trullo, men ikkje verre at eg har trua på at eg skulle fått til å setje den i stand.
Då me skulle ut att vart løysinga vinkelslipar og skøyteleidning på skøyteleidning på skøyteleidning.
Har du ork kan du ta ein kikke på video av utlegging av straum. Kor mange kontaktar måtte til?

I løpet av søndagen kom både Anne Marie og eg til at Monteciminielleo måtte me bare seie farvel til. Naboskap og lite tillitsskapande arbeid frå meglar si side var det som avgjorde.
Måndag hadde me avtale med Guido, ein venn av Sofie og Livar som driv som meglar og i tillegg jobbar som ingeniør og tek på seg ulike småjobbar på hus. Han hadde fleire hus i vårt prisområde som han ville syne oss. Fyrst bar det til Villa Amore der svært så hyggelige husfolk venta på oss. Fin plass, kunne godt samanliknast med standarden på Monteciminiello, men ikkje så ugly naboskap. Så eit par restaureringsobjekt før me kom til rosina i pølsa. 

Villa Giulia såg enkelt nok ut frå utsida. Me kom direkte inn i eit kjøkken som hadde det ein treng av skapplass og benkeplass for matlaging. Vidare inn i eit soverom stort nok for dobbelseng og derifrå dør direkte inn til det minste baderommet. For eit syn, det var veldig enkelt og veldig delikat. Stor dusjnisje, toalett og vask.



 Dette vil eg ha, tenkte eg med ein gong.

Tilbake til kjøkken og inn i stova. Dobbel dør ut til terrasse og dør inn til stort soverom med to enkeltsenger plasser midt i rommet. Også frå dette rommet var det dobbel dør ut til terrassen. Vidare dør inn til det største badet med både stort badekar, dusjnisje, toalett og vask. Same lekre utføring her. Her vil både husfolk og gjester kunna trivast. Guido hadde endå ein avtale og sidan me ikkje kunne sleppe Villa Giulia så fort, vart me nok litt seine på siste staden. Ikkje for det, me hadde ikkje trong for fleire stader for nå hadde me begge fått los. Villa Giulia hadde det me vil ha. Huset var oppussa i løpet av dei siste par åra. Isolert og med doble vindauge som ikkje er vanleg her. Artesian well (brønnboring),  stor cisterne og drikkevatn rett frå kranen. Dobbel septisk tank etter dei krava som gjeld i dag, dvs «up to date» metode for å bli kvitt det det kommunale kloakksystemet tek seg av heime.   Tomt på omkring 8 mål tilplanta med oliventre på mesteparten. Ein del nyplantingar var der og av ulike frukttre. Bakaromn, utegrill, stort og djupt basseng, koseleg frukostplass like utfor inngangsdøra, stort oliventre med skugge under der ein kan innta både måltid og horisontalen.


Då vart det direkte heim til Guido for å gjere unna dei formelle sakene som kunne ordnast då. Bud vart førebudd, både på oppgitt salssum og eit litt lågare som me vil prøve først.
Høne med diverse grønsaker vart servert. Alt umerkande tillaga av Angela medan Guido og Daniela var opptatt med huskjøpande jærbuar. 

Me gjekk ikkje svoltne derifrå kan ein sei. Tilbake til Contrada Sacramento vart Oddny i banken oppringt via Skype. Kunne ho ta seg av hurtigtransaksjon av pengar frå dei halvgale huskjøparane til eigedomsmeklaren slik at "preliminari offerta" kunne bli offisielt? Nå er pengane inne hos Guido og me kjører linja ut. Om engelskmennene Julie Karen og Nicholas Andrew aksepterer vårt bod, så tek det endå ei tid før me eig plassen, men den er nå vår når dei evt aksepterer. Skulle dei angre seg og trekkje seg frå handelen, må dei betale oss det doble av det me så langt har lagt inn. Avslår dei våre bod får me pengane tilbake. Livar går god for Guido, så der skal ein ikkje vere uroleg skjønar eg. Elles vil eg vel sei at det heile ikkje er så vanskeleg, det er bare så heilt annleis enn heime.

Råka av ein draum?

Hei godtfolk!

Dette er ikkje ein blogg som skal handle om Sofie og Livar, men sidan dei har slik ei sentral rolle i vårt HUS I PUGLIA-prosjekt, kan ein vanskelig kome unna. 
Historia tok til for rett mange år sidan, ja det går faktisk heilt tilbake til 1997. EU/EØS hadde midlar til internasjonaliseringsarbeid mellom skular i medlemslanda og etter knallhard innsats fekk me vesle julaftan 1997 napp hos kollegaer på Scuola Media Statale Dante Aligheri via Pontina  i Brindisi,  det vil seie heilt sør på hælen av Italia. I februar 1998 vart det besøk dit saman med kollega Palle og eit par kollegaer frå Trier College  i Oss Nederland.

Eg vart ganske så fort forgapt i landet. Då eg kom heim klarte eg å overføre begeistringa mi til Anne Marie, og her sit me nær 15 år etter og har realisert draumen. Trullo var nok det som i utganspunktet såg mest attraktivt ut. Det er og den typen hus me har prøvd mest på besøk i Italia når me har reist saman. Like utfor Ceglie Messapica leigde me ein trullo i samband med feiring av sølvbryllupsdagen vår 16. juli  2008.  I fjor haust hadde me haustferie i Puglia saman med son vår Tor Sveinung og følgje. Då leigde me ein trullo like ved Villa Castelli. Søkjer du på Alberobello finn du turistvarianten av ein trulli-by.

Sommaren 2012 vart reisa vår planlagt til Seiser Alm i Dolomittane. Me ville forflytte oss i vårt første italienske hus, Giottiline fundamentert på 4 hjul. Ei dryg veke i dei italienske Alpane ville vera fint tenkte me både Anne Marie og eg.  Men så i starten av juni tok det heile ei anna vending. I fleire år har Anne Marie tråla nettsider med hus til sals i Puglia. Monteciminiello dukka opp som eit godt alternativ. Fint hus med alt det me tenkte skulle vera med. Der var oliventre, ganske så mange. Der var eigen brønn og stor cisterne under huset, vassmangel heilt ukjent.  Al forno di legne, vedfyrt steinomn til pizza, brød og langtidssteiking av kjøt var der og. Men korleis skulle me eventuelt finne ut meir om staden. Der kom Sofie og Livar brått inn i biletet med breie penslar.  Det tok vel sånn omtrent ein dag frå spørsmålet om dei kunne ta ein kikk på staden, til det kom svar saman med ein nærast digiTallaus haug med bilete.  Dei var begeistra og me let oss begeistra.

Måtte me rett og slett leggje om ferieplanane våre?