Translate

fredag 15. februar 2013

Nabo på olivenslang?

I går var naboen på vest innom. Han syns tydeligvis det var fælt med alle oliven som låg uhausta på tomta vår. Ikkje alle planar blir slik dei er tenkt. Guido sin plan om å la komande svigerfar til Daniela ta seg av innhausting av oliven har tydeligvis gått i vasken. For å berge det heile har han snakka med ein nabo i gata som har hausta una volta som nabo på aust Lina sa det. Då eg kom tilbake etter spasertur halvvegs til Carovigno stod Apen, den vesle trehjula lastebilen parkert nedanfor huset her.
                  
Han var i gang med å samle oliven i haugar. Gamle mannen i full sving, mest så eg skjemdest då eg sette meg i sola for å nyte litt vinterferievarme i solveggen. 

Eg skal ikkje ta til med å fortelje om turar på do, men eg var innom for å vaske hendene og i det eg gjekk ut att small det. Sidan det var lyse dagen vart det ikkje mørkt, men det såg ut til at sikringen gjekk. Det lukta litt brent plast og. Sikringen var rett nok gått og den flotte varmevifta eg fekk på plass på bad 1 alt første kvelden dvs sist torsdag, den var det null funk på. Eitt eller anna inni som har kortslutta vil eg tru. Eg har kvitteringa og øskja eg fekk den i, men neimen om eg veit om eg går tilbake og klagar. Når eg heller ikkje snakkar nettopp flytande språket dei innfødde brukar, ja så vert det ikkje nettopp lettare. Slikt er noko av det verste eg veit. Men då er det bare slik at varme lyt eg ha, for å dusje i 8 grader det er eg for fesen til å gjera. Kunne like godt arrangert eitt eller anna ute då.
Eg tok meg saman. Via Brindisi 115 var adressa og veggvifte og kvittering vart medbrakt. Måtte vente ein time på at sjefen skulle kome, og den timen nytta eg til endå meir trim. Har alt gått halve vegen frå San Vito til Carovigno tidlegare i dag. Nå vart det ikkje ganske så langt, men trim som tel må det vel vera. Attende til butikken vart det litt snakk mellom dei som ekspederte og ein telefon til forhandlar. Ein ny omn i bytte er ok. Det vart forresten spurt om den var brukt lenge om gongen, men eg forsikra om bare eit par timar om gongen sidan den heng på veggen i bagno. Det var eit svar dei var nøgde med ettersom det bare er til slikt bruk denne typen omn er berekna.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar