Translate

mandag 5. august 2013

FARTSGAL NABODAME PÅ 67

måndag, 5. august 2013
Ei freda stund på morgonkvisten. Anne Marie er kapra av naboane.  Mercato a San Vito, Lina kjører.

I går kveld vart me invitert med på friluftsgudsteneste nedi hogget her. Langt nok til å bli imponert/livredd over kjøringa. Den vesle Peugeoten har krefter i hopetal og når dei vert brukt så aktivt som det Lina får til, då går det i både 70 og 80 og 90 på vegar som passar vel så godt for ein fart på 50 eller til nøds 60. Ho merka nok ein viss uro i baksetet. Då kom gullkommentaren: «Io Nicki Lauda». Med slikt eit førebilete kan ein ikkje anna enn gi på, full gass.

Ved kyrkja der gudstenesten fann stad, var det samla ganske så mange. Sikkert mellom 120 og 150 ein stad.  Hovudprest på over 90 år. Han brukte tida fram til gudstenesten skulle starta til å læra kyrkjelyden ny lovsang. Ein ungdom heldt tonefølgje på gitar. Det går i skriftlesing, song og bønn. Kjenner etter kvart att ein del ord, men innhald må ein bare gisse seg til. Har ofte lurt på det med nattverd for ikkjekatolske. Har fått ulike og motstridande svar. Her var ein velkommen til å ta del. Då det heile var over, gav Lina kortversjonen av innhaldet.  Tutto gratis. Endå eit likt ord med norsk. Serviett, tassin og nå gratis. Ikkje lenge att nå før me kan ta tunge intelligente samtalar. Eg som professore og ho som ignorante. Det er ho som brukar desse utrykka.

Ikkje langt frå staden vår ligg det eit masseria. Der ville Netta og Lina ha oss med. Tett trafikk på vegane her på campagnaen er ikkje vanleg, men i går kveld var det tett med bilar.  Ved innkjøringa til masseria var det sett opp bom, det var rett og slett fullt.  Før me fekk snudd oss om var neste plan klar. Pizza a San Michele?  Si si nikka me i baksetet. Pizza vart det, og den var god. Byen vibrerte av liv endå der ikkje var noko spesielt som gjekk føre seg anna enn at det var søndagskveld, og tek eg ikkje mykje feil har ferien tatt til for italienarane og. At me skal heim og starte på jobb att nå i starten av august var merkelig. Her startar skulane att i midten av september. Det er vel først då temperaturen inne på skulane har kome ned på eit akseptabelt nivå.


Om eg svettar? Ja eg gjer det. Akkurat nå er stova som ei badstove. Luftkjølaren er av. Ingen vifter går. Her er varmt ja, men ikkje for varmt. Nettene går fint utan luftkjøling. Med eit heimekomponert system av tre vifter som dreg luft inn utanfrå først og så leier luftstraumen mot sovande nordmenn med lite eller ingenting over eller på seg, så går det så fint så.  Blir det likevel for varmt, har me høve til å lauge oss i dei 26000 litrane med vatn som er sett av til det føremålet. Vatnet held jamn temperatur rundt 29°C, varmt nok til at det er ein lyst å gå uti, kjølig nok til og å vere forfriskande. Me har det godt. «Dolce vita» seier dei her. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar